Natur og miljø

Ansvarleg gjest

På campingplassen:


Det skal vere ro på plassen etter kl. 23.


Bruk søppeldunkane på plassen, merk sorteringa: Restavfall, pant og reine glas, hermetikkboksar og glasflasker. Eingangsgrill skal kastast i tønna ved sidan av dunkane. Har du papp som kan gjenvinnast, ta kontakt med oss.

Tomme gassboksar til primus/stormkjøkken må du ta med heim.  


Tomme drikkeboksar må ikkje ligge ute!


Spar på vatnet, ikkje la det stå og renne.


Lat att alle grinder mot sandstranda. 


Hundar skal vere i band heile tida og på alle stader, også på sandstranda. 


Sei frå til oss dersom du ser dyr som er skadde eller gjerde som er øydelagde. 


Ikkje klatre over gjerde eller gå på grasmarkene. 

På sandstranda og rundt i bygda:


Hoddevik er ei jordbruksbygd. Alt som ikkje er campingplass er beite eller slåttemark. Det er derfor ikkje lov til å gå på grasmarkene, då får graset dårlegare kvalitet som dyrefôr.


Tomme drikkeboksar som vert kasta på markene, kjem inn i fôret og fører til store lidelsar og død for dyra. 


Kast alt søppelet ditt i dunkane på campingplassen, og plukk gjerne med deg det du finn langs vegen.


Vis hensyn til andre trafikantar når du går, rullar eller syklar på den smale vegen gjennom bygda.


På og rundt sandstranda og i naustområdet er det forbod mot camping og bålbrenning. Meir om dette kan du lese her: Lovdata


Bandtvang: Det er bandtvang i tida 1. april - 20. oktober, dette er særleg viktig på og rundt sandstranda, men gjeld i heile Hoddevik. 




Om campingplassen


Campingplassen er etablert ved minimale naturinngrep. Området som blir brukt til camping kan enkelt førast tilbake til landbruksdrift. 


Både toalettbygget og kiosk/dusj har tette septiktankar, det er ikkje utslepp derfrå til stranda og sjøen. 


Vatn er ein knapp ressurs i Hoddevik. For å sikre stabil vassforsyning til gjestene, måtte vi dessverre bore etter grunnvatn. Vi ber alle gjester om å unngå sløsing med vatn. 

Utvalt kulturlandskap (UKL)


Hoddevik er eit av fleire utvalde kulturlandskap, der det veks sjeldne blomster og plantar. Det er laga ein plan for korleis landskapet skal bevarast for framtida.


Ein viktig del av denne planen er at sauer skal beite på graset rundt sandstranda. Du kan hjelpe til ved å late att grinder ned mot stranda, slik at dyra held seg der dei skal beite.


Stad kommune har bandtvang frå 1. april til 20. oktober. Det er viktig at denne vert respektert. Kvar sommar døyr det sauer som beitar i dette området, sannsynlegvis fordi lause hundar har jaga og angripe dei.


Du kan lese meir om UKL-ordninga hos Landbruksdirektoratet.