Praktisk informasjon / Practical information

Før du kjem til oss: (English below)

Det er berre Telenor sitt mobilnett som har dekning i Hoddevik. 


Daglegvarer: Det er lurt å handle før du kjem til Hoddevik. Vi anbefaler at du gjer dette hos Bunnpris Stad på Leikanger. Dei har ope 09.00 - 20.00 måndag til laurdag. 


Tømming av toalett og gråvatn må gjerast på Leikanger (Stadlandet).

Tømmestasjon finn du på nedsida av fylkesvegen, vis-a-vis Stad drivstoff, sjå kart.


Ladestasjon for elbil finn du også på Leikanger. Vi tilbyr ikkje lading av bil. 



Når du er her: 


Ta kontakt før du køyrer ned på campingplassen. I hovudsesongen er resepsjonen open kl. 09 - 21, elles kan du ta kontakt i campingvogna ved sidan av resepsjonen, eller i bustadhuset.


Brannvern: Det skal vere 4 meter avstand mellom alle telt, campingvogner og ev. anna som folk skal sove i. Det er ikkje lov til å grille eller brenne bål på campingplassen!


Oppstilling: Plasser det du skal sove i midt på plassen din (framfor nummerskiltet). Viss ingen søv i bilen, kan denne stå attmed teltet/vogna. Skal nokon sove i bilen og andre i telt e.l. må det bestillast eigen plass til bilen. 


Drikkevatn og oppvaskkum finn du ute, på baksida av resepsjonen. Toalettbygget på nedsida av vegen er ope heile døgnet. 


Varm dusj er inkludert for gjester, du får nøkkel i resepsjonen. Dusjen er open 09 - 21. 


Ordensreglar for campingplassen finn du her.

Before you come to us: 


Groceries can be bought at Bunnpris Stad in Leikanger. The shop is open 09.00 - 20.00 Monday to Saturday.


Emptying of toilet and greywater must be done in Leikanger (Stadlandet), 12 km before you reach Hoddevik.

The emptying station is located vis-a-vis Stad drivstoff, see map.


Charging station for electric cars is also located in Leikanger. We do not offer car charging. 



When you arrive:


Please call at the reception before you enter the campsite. In the main season, the reception is open 09 - 21, at other times you can call at the caravan next to the reception, or at the house. 

 

Fire protection: It must be 4 metres between every sleeping unit. It is not allowed to grill or make a bonfire at the campsite!

 

Lineup: Place your sleeping unit in the middle of your spot (in front of the number sign). If no one is going to sleep in the car, this can be parked next to the tent/caravan. If some are going to sleep in the car and others in tent etc., you must book a separate spot for the car.

 

Drinking water and sink for dishwashing is outside, located behind the reception. The toilet building is open day and night. 

 

Hot shower is included for guests, you can get the key from the reception. The shower is open 09 - 21. 

 

You can find rules of order for the campsite here.