Campingplassen stenger for vinteren søndag 15. oktober 2023. Det blir annonsert her på sida når bestillinga for 2024 opnar.
Vi takkar alle gjester for ein flott sesong, og ynskjer velkommen tilbake neste år!
Rett ved den kilometerlange Hoddeviksanden finn du oss: Ein liten, familiedriven campingplass for telt, campingvogner og bubilar. Her kan du bade, surfe, kite, sole deg, gå i fjellet eller berre slappe av til lyden av bølgjene som slår innover sanden.
Campingplassen har enkel standard, med sanitærbygg, drikkevatn/oppvaskkum og dusj. I kiosken har vi kaffi, is og brus, litt salt og litt søtt.
Vegen til Hoddevika er ei oppleving i seg sjølv! Den går i hårnålssvingar opp og ned Hoddevikfjellet, og er smal og svingete. Om sommaren er trafikken stor, så vi bør ikkje ha det travelt. Med mange bilar på den smale vegen må du også vere klar til å rygge, viss den næraste møteplassen ligg bak deg.
Vi legg ut 30 plassar til bestilling, nummereringa ser du på oversiktsbiletet nedanfor.
Har du spørsmål? Send oss ein epost!
Ta kontakt i resepsjonen før du køyrer ned på campingplassen. Viss der er stengt, kan du ta kontakt i bustadhuset
Innsjekk: Frå kl. 13.00
Utsjekk: Seinast kl. 12.00
Det skal vere 4 meter avstand mellom alle telt/bilar/anna som nokon skal sove i, det gjeld også om ein er familie eller venner som reiser i lag
Du kan bruke stormkjøkken på campingplassen, men ikkje grille eller brenne bål
Drikkevatn og oppvaskkum finn du på baksida av resepsjonen
Toalett og vask er i det kvite bygget på nedsida av vegen
Tilgang til dusjen er inkludert for gjester på campingplassen. Andre betaler for bruk. Open kl. 10.00 - 20.00. Du får nøkkel i resepsjonen eller i bustadhuset
Det er berre Telenor sitt mobilnett som har dekning i Hoddevik
Tømming av toalett og gråvatn må gjerast på Leikanger, 12 km før du kjem til Hoddevik
Ladestasjon for elbil er også på Leikanger, vi tilbyr ikkje lading av bil
Copyright © All Rights Reserved