heim

Rett ved den kilometerlange Hoddeviksanden finn du oss: Ein liten, familiedriven campingplass for telt, campingvogner og bubilar. Her kan du bade, surfe, kite, sole deg, gå i fjellet eller berre slappe av til lyden av bølgjene som slår innover sanden.

 

Campingplassen har enkel standard, med sanitærbygg, drikkevatn/oppvaskkum og dusj. I kiosken har vi kaffi, is og brus, litt salt og litt søtt. Vi lagar også toast og vafler.

 

Vegen til Hoddevika er ei oppleving i seg sjølv! Den går i hårnålssvingar opp og ned Hoddevikfjellet, og er smal og svingete. Om sommaren er trafikken stor, så vi bør ikkje ha det travelt. Med mange bilar på den smale vegen må du også vere klar til å rygge, viss den næraste møteplassen ligg bak deg. 



Vi legg ut 30 plassar til bestilling, nummereringa ser du på oversiktsbiletet nedanfor. 

Har du spørsmål? Send oss ein epost!


Bestilling


Epost