(English below)
Campingplassen er open 4. april - 12. oktober 2025.
Rett ved den kilometerlange Hoddeviksanden finn du oss: Ein liten, familiedriven campingplass for telt, campingvogner og bubilar. Her kan du bade, surfe, kite, sole deg, gå i fjellet eller berre slappe av til lyden av bølgjene som slår innover sanden. I Sauna Susanna kan du få varmen i deg viss du treng det.
Campingplassen har enkel standard, med toalett, dusj, drikkevatn og oppvaskkum. I kiosken har vi kaffi, is og brus, pizza, toast, litt salt og litt søtt.
Vegen til Hoddevik er ei oppleving i seg sjølv! Den går i hårnålssvingar opp og ned Hoddevikfjellet, og er smal og svingete. Om sommaren er trafikken stor, så vi bør ikkje ha det travelt. Med mange bilar på den smale vegen må du også vere klar til å rygge, viss den næraste møteplassen ligg bak deg.
Vi legg ut 35 plassar til bestilling, nummereringa ser du på oversiktsbiletet nedanfor. Ved avbestilling innan 2 dagar før ankomst, refunderer vi heile beløpet du har betalt.
Innsjekk: Frå kl. 14.oo
Utsjekk: Før kl. 13.00
Har du spørsmål?
Send oss ein epost, eller ring 99 57 34 13!
The campsite is open from April 4 - October 12, 2025.
Right by the 1 km long Hoddevik beach, you will find us: A small, family-run campsite for tents, caravans and mobile homes. Here you can swim, surf, kite, sunbathe, take a hike or just relax to the sound of the waves hitting the sand. In Sauna Susanna, you can get warm if you need it.
The campsite has a simple standard, with toilets, shower, drinking water and a sink for dishwashing. In the kiosk you can buy coffee, ice cream and soda, pizza, toast, some salty snacks and some sweets.
The road to Hoddevik is an experience in itself! It has hairpin bends and is narrow and winding. In the summer there is a lot of traffic, so we shouldn`t be in a hurry. With many cars on the narrow road, you must also be ready to reverse, if the nearest meeting place is behind you.
We have 35 spots available for booking, you can see the numbering in the overview below. In case of cancellation within 2 days before arrival, we will refund the whole amount you have paid.
Check-in: From 14:00
Check-out: Before 13:00
Any questions?
Send us an e-mail, or call +47 99 57 34 13!